Vil inkludere alle i arbeidslivet

– Krev ikkje meir tilrettelegging enn vanleg å tilsetje folk med nedsett funksjonsevne eller «hol i CV-en», seier direktør Rose-Marie Christiansen.

Rose-Marie Christiansen, direktør i Nasjonalt klageorgan for helsetjenesten. Foto: Cecilie Bannow.
Direktør i Nasjonalt klageorgan for helsetenesta, Rose-Marie Christiansen.

I 2018 lanserte regjeringa inkluderingsdugnaden. I hovedtrekk går dugnaden ut på at menneske som har hamna utanfor arbeidslivet, skal inkluderast.

Det kan vere menneske med nedsett funksjonsevne, og/eller med «hol i CV-en». Målet er at alle statlege arbeidsgivarar skal tilsetje minst fem prosent frå denne gruppa kvart år.

Til no har Nasjonalt klageorgan for helsetenesta tilsett 3 av 24 frå målgruppa. Det vil seie 12,5 prosent.

– Tala så langt er veldig gode. Vi nådde målet i 2019, hamna rett under i 2020, og ligg godt an til å klare det i 2021, seier direktør Rose-Marie Christiansen. Vi er likevel ikkje så opphengde i tala. Dette er eit langsiktig arbeid. Men vi er bevisste og jobbar målretta.

Går føre i inkluderinga

14.april deltok Christiansen på den digitale konferansen Se muligheter, i regi av Arbeids- og sosialdepartementet.

Koronapandemien har forsterka utfordringane med utanforskap i arbeidslivet. Gruppene som fall utanfor før pandemien, står no enda lenger bak i arbeidsledighetskøen enn tidlegare.

Det er viktig å hindre at desse gruppene fell heilt ut, seier Christiansen.

– Vi er fullstendig klar over at ein del statlege arbeidsgivarar heng etter på inkluderinga, og difor må vi andre syne veg og gjere litt meir. Arbeidet vårt blir lagt merke til, og det er sjølvsagt veldig moro. Vi er svært stolte av at vi får dette til.

Treng fleire søkarar

For å nå målet om at fem prosent av dei nytilsette skal ha nedsett funksjonsevne, eller vore borte frå arbeid, utdanning eller opplæring i to år dei siste fem åra, har det blitt sett i verk ei rekke tiltak.

Utfordringa er å få søkjarar i målgruppa. Hittil i år har kun 9 av 317 kandidatar oppgitt at dette stemmer for dei.

Nasjonalt klageorgan for helsetenesta har løpande kontakt med inkluderingsteamet i NAV, ber dei oppfordre aktuelle kandidatar til å søke ledige stillingar, og deltek i det statege trainee-programmet for personar med høgare utdanning og nedsett funksjonsevne/hol i CV-en.

Under koronapandemien har dei fleste jobbintervjua blitt gjennomført digitalt. Sidan digitale møte gjerne er meir effektive, kan ein inkludere fleire på intervju.

– Vi trur faktisk òg det er enklare å ha full merksemd retta mot kvalifikasjonane til kandidatane, og mindre på sosiale ferdigheiter – typisk ekstroverte trekk. Det siste kan komme i vegen for heilskapsvurderingane ein alltid gjer, bevisst eller ubevisst. Fleirtalet hos oss jobbar som saksbehandlarar, og introverte eigenskapar kan vere ein fordel, seier Christiansen.

– Den viktigaste årsaka til suksessen er at vi har forankra arbeidet med inkludering i heile leiargruppa, på HR og blant dei tillitsvalde. Vi har lært om inkludering, diskutert og jobba med fordommar. Vi har komme til at dette handlar om kva menneskesyn som skal prege organisasjonen vår. Vi jobbar med helserelaterte saker, og tenker vi bør vere i front i dette arbeidet.

Krev ikkje meir tilrettelegging

Å tilrettelegge for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne er ikkje så vanskelig som mange trur, seier Christiansen.

– Det kan handle om utforming av stol eller ekstra stor PC-skjerm. Vi har også opna for å tilsetje medarbeidarar som treng å jobbe i redusert stilling. Akkurat dette er viktig for mange med nedsett funksjonsevne. Vi har også tilsett folk som er busette i andre delar av landet.

Men det er viktig å vite at medarbeidarar med nedsett funksjonsevne eller «hol i CV-en» ikkje treng meir tilrettelegging enn andre arbeidstakarar, seier Christiansen. 

– Alle kan trenge tilrettelegging, og det er risiko ved all rekruttering.

– Vi har også erfart at dei vi har tilsett frå denne målgruppa leverer vel så godt som andre. Det er med andre ord ingen grunn til å vere engstelege for dette. Noreg har dessutan ikkje råd til å la så mange menneske falle utanfor arbeidslivet. Her har alle arbeidsgivarar eit stort ansvar. Koronakrisa gjer dette ekstra viktig.

Publisert / Endret
Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring