– Vi er stolte av resultatet og dei gode tilbakemeldingane

Nasjonalt klageorgan for helsetenesta har revidert lovkommentaren for folketrygdlova kapittel fem.

Nina Helen Vik Håvåg

Nasjonalt klageorgan for helsetenesta fekk i 2021 i oppdrag å revidere lovkommentaren for folketrygdlovas kapittel 5. Lovkommentaren handlar om stønad ved helsetenester.

Arbeidet er no fullført, og lovkommentaren er publisert.

Ifølge forlaget held resultatet eit svært høgt fagleg nivå. Det er vi glade for å høyre, og vi er stolte av jobben vi har gjort og dei gode tilbakemeldingane, seier avdelingsdirektør for helserett, Nina Helen Vik Håvåg.

Nasjonalt klageorgan for helsetenesta er Bergens største samla fagmiljø for juristar

Skal revidere lovkommentaren vidare

Oppdraget har vore eit samarbeid mellom Nasjonalt klageorgan for helsetenesta og Gyldendal Norsk Forlag ved Gyldendal Rettsdata. Arbeidet har vorte utført av tilsette som jobbar med klagesaker frå Helfo, og har handla om å oppdatere og kvalitetssikre lovkommentaren ut frå mellom anna lovendringar, nye føresegner, nye rettsavgjersler og ny litteratur.

Det har vore spennande og veldig omfattande. Lovkommentaren har ikkje vore revidert sidan 2019 og 2020, og sidan det skjer mykje utvikling på desse saksområda, har det vore eit stort arbeid. Det har kravd detaljfokus, og det har gitt oss moglegheita til å fordjupe oss i rettskjeldene, seier Vik Håvåg.

Oppdraget er forlenga, og tilsette ved helserettsavdelinga skal halde lovkommentaren oppdatert fortløpande framover.

– Vi skal også bidra med hovudrevisjon av lovkommentaren annakvart år. Vi ser fram til å halde fram dette arbeidet.

Møt våre tilsette: – Heilt unikt å kunne fordjupe seg slik fagleg

Publisert / Endret
Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring