Uttale frå Sivilombodet om saksbehandlingstida i Statens helsepersonellnemnd
Sivilombodet er bekymra for den lange saksbehandlingstida i Statens helsepersonellnemnd.
Å få eit forvaltningsvedtak overprøvd av eit overordna organ innan rimeleg tid er viktig for rettstryggleiken, men det er ei stor belastning å vente på avgjerda i ei klagesak.
Saksbehandlingstida i ei klagesak blir påverka av både temaet i saka, kompleksitet og kor omfattande ho er. Den blir òg påverka av kor mange saksbehandlarressursar vi har til kvar tid, og kor stor saksinngangen er.
Vi har sett i verk fleire tiltak for å redusere saksbehandlingstidene
Statens helsepersonellnemnd behandlar klagesaker frå Statens helsetilsyn og Helsedirektoratet. Dei siste tre åra har gjennomsnittleg saksbehandlingstid i klagesakene til nemnda vore rundt 12 månader. Sivilombodet har no komme med ei uttale om saksbehandlingstida.
Statens helsepersonellnemnd og sekretariatet i Nasjonalt klageorgan for helsetenesta jobbar kontinuerleg med å redusere saksbehandlingstidene.
Vi har sett i verk fleire tiltak, mellom anna rekruttering av fleire saksbehandlarar og effektivisering av saksbehandlinga. Gjennom 2024 har vi styrkt sekretariatet med fleire saksbehandlarar, og dette vil vi halde fram med utover i første kvartal 2025. Effekten av eit styrkt sekretariat vil påverke saksbehandlingstidene i første kvartal 2025.
Dessverre klarer vi ikkje å redusere saksbehandlingstida i klagesaker frå Helsedirektoratet som gjeld avslag på autorisasjon til helsepersonell, like raskt. Årsaka er at vi i perioden januar–september i år har fått over 66 prosent fleire klagesaker enn i same periode i fjor.
Sivilombodet er positive til tiltaka våre
Sivilombodet oppfattar tiltaka våre som positive, men er likevel i tvil om dei er tilstrekkelege. Ombodet har derfor bedt om å bli orientert om utviklinga i saksbehandlingstidene 1. mars 2025. Vi skal òg lage ein langsiktig plan for saksbehandlinga i 2025 og 2026.