Uttale frå Sivilombodet: Apotekklagenemnda hadde ikkje heimel til å gi åtvaring til farmasøyt for drift av apotek utan nødvendig driftskonsesjon
Sivilombodet ber Apotekklagenemnda om å vurdera klage på vedtak om åtvaring på nytt.
![Et stort paragraftegn med andre ikoner i bakgrunnen. Foto: Mostphotos.](/media/5300/23569145-law-concept-paragraph-on-digital-data-paper-background.jpg?anchor=center&mode=crop&width=575&height=384&rnd=133245603444900000)
Apotekklagenemnda heldt oppe eit vedtak frå Statens legemiddelverk om å gi ein farmasøyt ei åtvaring etter apoteklova § 8-4 for «mangelfull eller uforsvarleg drift» ved å driva apotek utan nødvendig driftskonsesjon.
Sivilombodet kom til det ikkje er tilgang til å gi ei åtvaring til andre enn den eller dei som blir rekna som apotek eller apotekkonsesjonær etter apoteklova.
Klagesaka skal behandlast på nytt av Apotekklagenemnda i mai.