Sju klarspråk-steg me er stolte av å ha tatt i 2023

Me jobbar heile tida med å gjere tekstane våre klarare og meir mottakarretta. 

Bildet syner tre kvinner som sit ved ein bord. I bakgrunnen er det ein skjerm og på bordet står ein PC open. Foto: Cecilie Bannow.

Dette er noko av det me har gjort i år:

  • Alle vedtaksmalar har blitt universelt utforma og meir klarspråklege
  • Om lag 200 faste vedtakstekstar har fått klarare språk og struktur
  • Om lag 350 faste vedtakstekstar har blitt universelt utforma
  • Me har fullført skriveverkstadar for alle saksbehandlarar og delar av administrasjonen
  • Om lag 170 faste vedtakstekstar har blitt omsett til nynorsk, og me har hatt ei stor markering av nynorskdagen
  • Me har delt erfaringar med ei rekke offentlege verksemder
  • Me har delt ut klarspråkprisen til ein engasjert og språkkyndig kollega

Arbeidet med klarspråk held fram i 2024.

Publisert / Endret