Saknar du å kunne søkje i nemndavgjerder?
Det er ikkje lenger mogleg å søkje i nemnvedtak på nettsida vår. Databasen "Søk i avgjerder" blei fjerna 3. oktober.
Kvifor er databasen fjerna?
Vi bruker mykje tid og ressursar på å halde vedtaksdatabasen manuelt oppdatert. Det tek dessverre for lang tid frå eit vedtak blir gjort, til det blir anonymisert og publisert i databasen vår. Dette fører til at databasen dessverre ikkje blir fortløpande oppdatert med ny nemndpraksis.
Vi ser no på korleis vi kan gjere arbeidet meir effektivt, på ein sikker måte.
Du finn nemndvedtak på Lovdata
Vi sender framleis dei fleste nemndvedtaka til Lovdata. Vedtaka ligg under rettskjelder på Lovdata Pro.