Rapport frå ekspertutval: Riktig vedtak til rett tid
Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre fekk i dag rapporten frå ekspertgruppa som har evaluert pasientskadeordninga.
Ifølgje ekspertgruppa må saksbehandlinga i pasientskadesakene vurderast etter tre sentrale verdiar:
- saksframdrift (hurtigheit)
- kvalitet (rett avgjerd)
- tillit (varetaking av erstatningssøkjar)
Gruppa har mellom anna sett på rutinar for saksbehandlinga som påverkar tidsbruk og kvalitet. Målet var å finne tiltak som kan bidra til betre saksflyt og å leggje til rette for rett prioritering av saker.
Dei har òg sett på tiltak for å sikre klar og føreseieleg kommunikasjon, sidan dette kan ha noko å seie både for at erstatningssøkjar/klagar skal kunne vareta interessene sine og for tilliten til pasientskadeordninga.
Rapporten, "Riktig vedtak til rett tid", inneheld fire hovudtilrådingar og 29 ordinære tilrådingar. Nasjonalt klageorgan for helsetenesta og Norsk pasientskadeerstatning vil gå gjennom rapporten grundig, og sjå på korleis vi skal jobbe vidare med tilrådingane.
Rapporten er publisert på regjeringen.no: Riktig vedtak til rett tid