Ny løysing for honorering av eksterne sakkunnige
Frå og med 1. januar skal alle eksterne sakkunnige sende honorarkrav via DFØ sine system.
![En person ser på faktura, på både PC og mobil. Foto: Mostphotos.](/media/4532/43049185-digital-invoice-document-on-tablet-or-laptop.jpg?anchor=center&mode=crop&width=575&height=384&rnd=132851009111800000)
Frå 1. januar 2022 skal eksterne sakkunnige bruke portalen «Betal meg» eller appen til Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) for å få honoraret utbetalt som løn.
Kvifor endrar me system for honorarføring for eksterne sakkunnige?
Me går over til DFØ sitt fullverdige og godkjente forsystem for løn og faktura for å
- tilfredsstille krava til økonomiske transaksjonar
- sikre at økonomiregelverket sine krav blir fulgte
- førebu oss på ei framtidig sak- og arkivløysing utan økonomifunksjonalitet
Endringa er ein del av eit større forbetringsprosjekt, og den fyrste forbetringa me tek i bruk.
Korleis registrerer eg honorarkrav?
Rettleiingar: