Nasjonalt klageorgan for helsetenesta og Norsk pasientskadeerstatning er tildelt prisen "Årets arkiv"

Me får prisen for å vere modige og nytenkjande i arbeidet med nytt sakshandsamingssystem.

Marit Stene Myrvåg i Norsk pasientskadeerstatning og Helge Fauskanger i Nasjonalt klageorgan for helsetenesta tok imot prisen for årets arkiv 2024.
Marit Stene Myrvåg frå Norsk pasientskadeerstatning og Helge Fauskanger frå Nasjonalt klageorgan for helsetenesta tok imot prisen.

Foreininga INIO (tidlegare Norsk arkivråd) deler årleg ut ein pris for å heidre framifrå arbeid og utvikling innan dokumentasjonsforvalting og informasjonsstyring. Prisen skal stimulera til nytenking og utvikling av faget, og vere til inspirasjon for andre.

Nasjonalt klageorgan for helsetenesta og Norsk pasientskadeerstatning er tildelt prisen «Årets arkiv» for 2024!

Prisvinnarane utfordrar fagmiljøet

Prisen er tildelt for arbeidet vårt knytt til nytt sakshandsamingssystem med innebygd arkivering, som ikkje er Noark-godkjent på førehand. 

Juryen meiner at me er modige som utfordrar noverande tilstand og samstundes signaliserer behovet for innovasjon — både ovanfor arkivmyndigheita og Noark-leverandørane. Dei likar spesielt at me gjer dette for å få eit system som dekkjer våre behov, og at me samarbeider tett med både leverandørar og Arkivverket om å utnytte den samla fagkompetansen og handlingsrommet i lovverk og krav.

Les heile grunngjevinga til juryen

Me tek i bruk nytt sakshandsamingssystem i 2025

Nasjonalt klageorgan for helsetenesta og Norsk pasientskadeerstatning jobbar no med kvar si løysing, og har valt eit sakshandsamingssystem som husar både administrative saker og fagsaker. Løysingane vert bygd rundt primæroppgåvene våre, som er sakshandsaming.

Målet er å effektivisera sakshandsaminga og redusera handsamingstidene, men òg å auke dokumentasjonsfangsten og kvaliteten på dokumentasjonen.

Det nye systemet vert innført i løpet av 2025.

– Dette er ein pris me er stolte av å få! Den er ein inspirasjon i det vidare arbeidet vårt med effektivisering av sakshandsaminga og betre bruk av ressursane våre, seier direktør Anita Giæver Hansen i Nasjonalt klageorgan for helsetenesta.

Publisert / Endret