– Me ønskjer at pasientane skal kjenna seg høyrde
Maria er prosedyreadvokat på rettssakavdelinga. Ho meiner det som kjenneteiknar Nasjonalt klageorgan for helsetenesta best, er eit sterkt engasjement for det me jobbar med.
På rettssaksavdelinga er Maria ein av 17 advokatar som jobbar med å behandle saker der Pasientskadenemnda er blitt saksøkt. Her føreburog prosederer ho saker for retten.
– Me får inn alle typar saksfelt. Det gjeld både spørsmål om det i det heile ligg føre rett til erstatning eller utmåling av kor stor erstatning pasientar har krav på. På avdelinga vår går me i alle rettsinstansar. Dei siste åra har fleire pasientskadesaker også gått til Høgsterett for prinsipielle avklaringar.
Når me er i retten, er det intenst. Ofte er sakene store og komplekse, noko som gjer at rettsakene går over fleire dagar.
– Me har akkurat hatt ei sak i Høgsterett som har vore veldig spennande. Det gjaldt ei problemstilling som Pasientskadenemnda har jobba med over mange år – ei føresegn som har vore vanskeleg og bode på mykje utfordringar. Avdelinga har derfor jobba systematisk og brukt mykje tid for å prøva å få ei avklaring for å sikra at jussen blir forvalta korrekt og sikre likebehandling for pasientar.
Variert kvardag
Når Maria ikkje er i retten, er ho på kontoret og tek tak i det som er nødvendig den dagen.
– Me jobbar normalt veldig saksrelatert. Det er ein variert kvardag, som i stor grad blir styrt av fristar og ulike forhold som dukkar opp i sakene. Dato for rettssakene er normalt sett lang tid i forkant. Utover dette er det regelmessig møter med retten for å planleggja når sakene skal gå og nødvendige avklaring i sakene, og kontakt med sakkunnige for avklaringar om ting me lurer på. Me jobbar også med delprosjekt. Ei gruppe jobbar til dømes med vaksinesaker, som er både krevjande og komplekse.
Maria trekkjer også fram at det på andre avdelingar blir jobba mykje med ulike problemstillingar, mellom anna rundt saksbehandling.
– Me ønskjer at pasientane skal kjenna seg høyrde. Det har vore mykje jobbing med vedtak og ordlyd, og korleis det me sit og jobbar med kjem ut. Me ønskjer at det skal vera synleg for andre at sakene blir godt varetekne! Eg opplever at alle her er genuint opptekne av at det skal vera rettstryggleik og rett behandling. Det er veldig engasjerande.
– Det eg trivst mest med er saksfeltet
Maria syntest det er engasjerande og spennande å jobba med både juss og medisin.
– Det er aldri ein kjedeleg dag, det er noko nytt og utfordrande heile tida. Det dukkar stadig vekk opp medisinske problemstillingar som me ikkje har vore borti før eller nye juridiske problemstillingar me må setja oss inn i.
Kva vil du seia til dei som vurderer å søkja her?
– Eg vil seia at eg sterkt tilrår det! Det er ein veldig fin arbeidsplass med mange hyggjelege, engasjerte menneske. Me jobbar med kvalitetsforbetring på tvers av avdelingane, det er eit godt samarbeid og mykje erfaringsutveksling – det er alltid nokon du kan spørja og diskutera med. Å få høve til å jobba med det medisinske fagfeltet er også spesielt interessant.