Me nådde nynorskkravet i 2023

Språkrådet rosar oss for å ha nådd måla og at me etterlever pliktreglane i språklova.

To sakshandsamerar sit i eit kontorlandskap. Foto: Cecilie Bannow.

Språkrådet fører årleg tilsyn med bruken av bokmål og nynorsk hjå statsorgan. Sentrale statsorgan skal over tid bruke minst 25 prosent av både bokmål og nynorsk i allment tilgjengelege dokument. Dessutan skal skjema og andre sjølvbeteningstenester liggje føre på bokmål og nynorsk samtidig.

35 prosent nynorsk på helseklage.no

Denne veka fekk me ros frå Språkrådet for å ha nådd alle måla og etterlever pliktreglane i språklova!

Målinga for 2023 syner at

  • 35 prosent av alle tekstane på nettsida var på nynorsk
  • 41 prosent av nye tekstar på nettsida var på nynorsk
  • 49 prosent av innlegga våre i sosiale medium var på nynorsk
  • alle skjemaa er tilgjengelege på både bokmål og nynorsk, slik språklova krev

Mai er nynorskmånad hjå oss

Kvar månad har me eit språktema for å auke og vedlike­halda språk- og skrivekunnskapane til alle tilsette. Sidan nynorskdagen er 12. mai, er språktemaet vårt denne månaden nynorsk.

Personar som tek skriftleg kontakt med oss, har rett til å få svar i same målform. Difor er det viktig at våre tilsette både kjenner til denne retten og har naudsynte nynorskkunnskapar.

Publisert / Endret
Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring