– Kjekt å jobbe med eit spennande samfunnsoppdrag

Ragnhild jobbar med HR i Nasjonalt klageorgan for helsetenesta. 

 

Ragnhild Johnsen byrja på avdeling for HR, økonomi og IT våren 2024. Ho har utdanning innan administrasjons- og organisasjonsvitskap og økonomi.  

– Eg jobbar med oppgåver som leiarstøtte, rapportering og rekruttering. Eg får brukt økonomiutdanninga mi gjennom arbeidet med lønn og andre administrative oppgåver.    

Ein variert arbeidskvardag  

Ragnhild ønskte å jobbe ein stad der ho fekk god variasjon i arbeidsoppgåver og kunne arbeide med mange ulike felt.   

– Det er kjekt at arbeidsdagane ikkje er så like. I og med at eg framleis er relativt ny, så eg er i opplæring og jobbar tett med ein annan kollega. Nokre dagar sit eg i møte, medan andre dagar jobbar eg sjølvstendig. Det er ein fin balanse mellom å jobbe saman og på eigenhand, fortel Ragnhild.    

Kva er skilnaden mellom dykk og andre avdelingar? 

– Vi jobbar ikkje direkte med sjølve saksbehandlinga av klagesaker. Vi er ein del av administrasjonen og støttefunksjonane. Rolla vår er mellom anna å sørgje for at vi følgjer regelverket innan vårt fagområde. HR jobbar med å ta vare på og utvikle dei menneskelege ressursane, slik at Nasjonalt klageorgan for helsetenesta kan levere på samfunnsoppdraget sitt, seier Ragnhild. 

– Eit viktig samfunnsoppdrag  

 Ho fortel at ho synest det er kjekt å jobbe på ein arbeidsplass med eit spennande samfunnsoppdrag, og ho har fleire ting i bakhovudet i løpet av ein arbeidsdag.   

  – Eg tenkjer at det er viktig med kvalitet i alt eg gjer, ettersom vi er ein del av ein organisasjon som utfører ei viktig samfunnsoppgåve. Eg er derfor oppteken av å gjennomføre oppgåver ordentleg, men også innanfor rimeleg tid. Eg vurderer òg i etterkant om arbeidet kan effektiviserast endå meir. 

Ragnhild er oppteken av at vi skal ha ei god offentleg forvaltning i Noreg, noko som ho trivst godt med å ta del i.   

– Kjekt både fagleg og sosialt  

Ragnhild fortel om sosiale turar opp Fløyen og på kino. Ein gong i veka blir det arrangert yoga for alle tilsette saman med ein instruktør. Ho planlegg òg å prøve ut dette tilbodet.   

Kva vil du seie til dei som vurderer å søkje her?   

– Det er ein veldig fin arbeidsplass med kjekke kollegaer. Det er eit godt arbeidsmiljø både fagleg og sosialt, med ulike arrangement på fritida. Vi trivst godt med jobben vi gjer, men også med kvarandre. Det er mange ulike aktivitetar vi kan vere med på utanfor jobb, og det er noko for alle.  

Vil du lære meir om kva slags velferdsgode vi har hos oss? 

Publisert / Endret