Ingvild Knutsen får masterstipendet for hausten 2024

Nasjonalt klageorgan for helsetenesta har tildelt masterstipend og fagleg rettleiing på masteroppgåva til Ingvild Knutsen.

En person skriver på en bærbar PC. Et paragraftegn står ved siden av PC-en. Foto: Mostphotos.

Ingvild Knutsen studerer rettsvitskap ved Universitetet i Bergen og skal skrive masteroppgåve om vaksineskadesaker. Ho er no tildelt masterstipendet vårt og får også fagleg rettleiing som del av stipendet.

– Vaksineskader er eit aktuelt og praktisk viktig tema for både staten og skadelidde, og derfor gler eg meg veldig til å ta fatt på masteroppgåva til hausten, seier Knutsen.

– Utfordrande å jobbe med beviskravet i vaksinesaker

Ingvild Knutsen var praktikant hos oss våren 2024 og kom her i kontakt med juristar som jobbar med vaksineskadesaker.

–  Då fekk eg erfare at det kunne vere utfordrande å jobbe med beviskravet for vilkåret om årsakssamanheng mellom vaksina og skaden. Både på grunn av korleis regelen er utforma, og på grunn av korleis den blir nytta i praksis.

– Sjølve innhaldet i beviskravsregelen og om omsyna bak regelen blir varetatt i praksis, er lite diskutert i juridisk teori. Derfor tenkte eg at oppgåva vil kunne vere eit bidrag til å avklare rettstilstanden og forholdet til grunngjevinga for regelen, seier Knutsen.

Skal du skrive masteroppgåve i rettsvitskap våren 2024?

Dersom du studerer juss og skal skrive masteroppgåve innan eit eller fleire av rettsområda våre, kan du søke om masterstipend. Stipendet vårt er på 15 000 kroner.

Fristen for å søkje om masterstipendet for vårsemesteret er 30. november. 

Les meir om masterstipendordninga og forslag til aktuelle problemstillingar.

Publisert / Endret
Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring