Hugs å gje beskjed dersom du endrar advokat i saka di
Du må melde frå til oss viss du endrar advokat eller ikkje lenger har advokat i saka di.
Når du har advokat, er det advokaten som er vår kontaktperson i klagesaka. Det er difor viktig at me veit kven me skal kontakte, slik at informasjonen kjem fram dit den skal.
Hugs å alltid gje beskjed til oss ved endringar! Det gjeld både ved byte av advokat, også når advokaten er frå same advokatfirma, og dersom du ikke har advokat meir.
Den enklaste måten å gje beskjed om endringar på er gjennom Mi side.