Høyring: Vil gi autorisasjon til fleire
Helse- og omsorgsdepartementet foreslår å gi autorisasjon til naprapatar, osteopatar, logopedar og paramedisinerar. Vi har sendt inn vårt høyringssvar.
Departementet foreslår å endre helsepersonellova, og autorisere naprapatar, osteopatar, logopedar og paramedisinarar.
Les forslaget til lovendringa her
Nasjonalt klageorgan for helsetenesta er sekretariat for Statens helsepersonellnemnd som behandlar klager på avslag på søknader om autorisasjon og lisens som helsepersonell.
Det vil difor vere Statens helsepersonellnemnd som vil behandle klagesakene i dei tilfella der autorisasjon eller lisens ikkje blir innvilga for dei eventuelt nye autorisasjonsgruppene.