Høyring: Vil endre organiseringa av klagenemndene
Helse- og omsorgsdepartementet foreslår å endre lover og forskrifter knytt til Nasjonalt klageorgan for helsetenesta.
Helse- og omsorgsdepartementet har sendt på høyring eit forslag til endringar i folketrygdlova, pasient- og brukarrettslova, helsepersonellova og pasientskadelova med tilhøyrande forskrifter.
Departementet foreslår å
- endre regelverket for organisering av klagenemndene som behandlar helsesaker
- innføre lovheimel for innhenting og utlevering av teiepliktige opplysningar i pasientskadesaker
- endre saksbehandlings- og teiepliktreglane som gjeld for Helfo og Nasjonalt klageorgan for helsetenesta i saker etter folketrygdlova
Støttar dei fleste forslaga
Vi er glade for at departementet har lagt fram desse forslaga til endringar i regelverket.
Dei fleste forslaga i høyringsnotatet er etterspurt frå vår side. Vi meiner endringane vil auke effektiviteten i saksbehandlinga, utan å gå utover rettssikkerheita.
Vi har nokre kommentarar til enkelte av forslaga.