Høyring: Ny forskrift om kapitaliseringsrente etter skadeserstatningslova

Justis- og beredskapsdepartementet har sendt forslaget om ei ny forskrift på høyring. Vi har gitt vårt høyringssvar.

Fotografiet er eit nærbilde av tre hender. Ein sjukepleiar held ein pasient i henda. Pasienten har kanyle festa i handa. Foto: Mostphotos.

Justis- og beredskapsdepartementet har sendt på høyring eit forslag om ei ny forskrift om fastsetjing av kapitaliseringsrenta til bruk ved utmåling av personskadeerstatning etter skadeserstatningslova.

Kapitaliseringsrenta blir brukt for å komme fram til noverdien av framtidig tap når erstatninga blir fastsett til ein eingongssum.

Vårt høyringssvar

Nasjonalt klageorgan for helsetenesta støttar forslaget om å fastsetje kapitaliseringsrenta i forskrift. Målet med fastsetjinga av rentefoten må vere at skadelidaren skal ha erstatta sitt fulle økonomiske tap.

I høyringssvaret vårt har vi mellom anna kommentert overgangsregelen, som ikkje er kommentert i høyringsnotatet til departementet.

Les vårt høyringssvar

Publisert / Endret