Høyring: Ny forskrift om ei nasjonal løysing for å gjere helsedata betre tilgjengeleg
Helse- og omsorgsdepartementet foreslår at vi handsamar klager på vedtak knytt til gjenbruk av helsedata. Vi har sendt inn høyringssvaret vårt.
Helse- og omsorgsdepartementet har sendt på høyring eit forslag til ei forskrift om ei nasjonal løysing som skal gjere helsedata betre tilgjengeleg.
Målet med forskrifta er enklare og raskare tilgang til helsedata for databrukarar. Departementet foreslår at Direktoratet for e-helse skal fatte vedtak knytt til tilgjengeleggjeringa av helsedata, og at Nasjonalt klageorgan for helsetenesta skal handsame klager på vedtaka frå direktoratet.
Vi har levert høyringssvaret vårt
Som klageorgan er vi opptatt av at reguleringa av klageretten og klagebehandlinga bør vere grundig nok. Etter oppfatninga vår gir forskrifta dei nødvendige rammene for klagebehandlinga.
Det er usikkert kor stort omfanget av klagesaker vil bli, og det er difor vanskeleg å seie kor ressurskrevande klagesaksbehandlinga vil bli for oss. Det vil uansett vere behov for at klageinstansen får tileigne seg den nødvendige kompetansen til å handsame klagene. Vi går ut frå at det vil vere behov for dialog med registerforvaltarane og fyrsteinstansen for å bygge kompetanse.