Høyring: Forslag til endringar i helsepersonellova
Endringane skal bidra til meir effektivt tilsyn, pasient- og brukarsikkerhet og tillit til helse- og omsorgstenesta.
Helse- og omsorgsdepartementet foreslår å endre helsepersonellova og pasient- og brukarrettslova.
Dei vil mellom anna fjerne åtvaring som ein mogleg reaksjon mot helsepersonell, og erstatte dette med eit pålegg om å ta imot rettleiing eller andre kompetansehevande tiltak.
Departementet foreslår også at Statens helsetilsyn skal kunne gi eit midlertidig forbod mot å utøve bestemte deler av ei verksemd, som eit alternativ til full suspensjon som blir praktisert i dag.
Vi har levert vårt høyringssvar saman med Statens helsepersonellnemnd.