Høyring: Endringar i reglane om standardisert utmåling av inntektstapserstatning til barn
Nasjonalt klageorgan for helsetenesta har sendt inn høyringssvar med innspel til regelverksarbeidet.
Justis- og beredskapsdepartementet har sendt på høyring ei utgreiing om endringar i reglane om standardisert utmåling av inntektstapserstatning til barn og standardisert erstatning etter yrkesskadeforsikringslova.
Me støttar lovforslaget sitt hovudformål om å auke den standardiserte erstatninga til barn som følgje av ny kapitaliseringsrente, og ei skatteulempe på 20 prosent i desse sakene.
I høyringssvaret vårt kjem me med nokre synspunkt og innspel til regelverksarbeidet.
Høyringssvar frå Nasjonalt klageorgan for helsetenesta (pdf)