Høyring: Endringar i domstolstrukturen
Justis- og beredskapsdepartementet føreslår å føre inn att strukturen domstolane hadde før domstolreforma i 2021. Vi støttar ikkje forslaget.
![Fotografiet syner ei dommarklubbe på eit bord. Foto: Mostphotos.](/media/4758/9801751-legal-and-justice-concept.jpg?anchor=center&mode=crop&width=575&height=384&rnd=133088555313970000)
Justis- og beredskapsdepartementet har sendt på høyring eit forslag om å endre domstolstrukturen.
Ved domstolreforma i 2021 blei antal tingrettar redusert frå 60 til 23, og antal jordskifterettar frå 34 til 19.
Departementet føreslår no å i utgangspunktet føre inn att strukturen domstolane hadde før reforma.
Vi har sendt inn vårt høyringssvar
Nasjonalt klageorgan for helsetenesta støttar ikkje reverseringsforslaget. Vi grunngjev dette i høyringssvaret vårt.