Endringar i lovar og forskrifter frå 1. januar 2024

Nokre av endringane ved årsskiftet påverkar oss og sakstypane vi behandlar. Den største endringa er at ei av nemndene vi er sekretariat for blir lagt ned og at vi overtek som klageinstans.

Bilde fra et digitalt møte i Klagenemnda for behandling i utlandet. Foto: Cecilie Bannow.
Bilde frå eit digitalt møte i Klagenemnda for behandling i utlandet. Foto: Cecilie Bannow.

Klagenemnda for behandling i utlandet blir lagd ned

1. januar 2024 blir Klagenemnda for behandling i utlandet lagd ned. Vi har vore sekretariatet til nemnda, men overtek no ansvaret for heile klagebehandlinga.

Sakene gjeld klager på vedtak frå dei regionale helseføretaka om dekning av utgifter til behandling i utlandet når det ikkje finst eit tilbod i Noreg eller det er dokumentert at helsehjelp i utlandet verkar betre (pasient- og brukarrettsloven § 2-4 a andre avsnitt bokstav a).

Helsedataservice blir overført til Folkehelseinstituttet 

Helsedataservice er ei nasjonal teneste for tilgjengeleggjering av helsedata frå norske helseregister. Helsedataservice og Helsedataavdelingen blir overførte frå Direktoratet for e-helse til Folkehelseinstituttet.

Det betyr at det no er Folkehelseinstituttet som skal behandle søknader om tilgang til data frå helseregistera. Vi behandlar klagar på vedtak om tilgang til helsedata.

Nettstaden helsedata.no blir òg overført til Folkehelseinstituttet.

Direktoratet for e-helse blir ein del av Helsedirektoratet.

Statens legemiddelverk får nytt namn

Statens legemiddelverk får større ansvar og endrar namn til Direktoratet for medisinske produkt.

Vi er sekretariatet til Apotekklagenemnda, som behandlar klagar på vedtak frå Statens legemiddelverk.

Ny nettadresse blir www.dmp.no, men i ein overgangsperiode blir du vidaresend til www.legemiddelverket.no.

Tydeligere helsearkivforskrift

Forskrift om Norsk helsearkiv og Helsearkivregisteret blir endra for å gjere det tydelegare at saker om tilgjengeleggjering av pasientjournalar til pårørande blir avgjord av Norsk helsearkiv.

Vi behandlar klagar på vedtak om heilt eller delvis avslag på utlevering av helseopplysningar frå Norsk helsearkiv.

Publisert / Endret