– Eg har ei stor fagleg interesse av arbeidet som sakkunnig
Lars Gunnar Johnsen er ein av dei helsefaglege spesialistane som bidreg til å sikre rettstryggleiken til dei som brukar og jobbar i helsetenestene.
Nasjonalt klageorgan for helsetenesta handsamar klagesaker som gjeld helsefaglege problemstillingar og utdanningar. Ulike spesialistar gjer dei medisinske vurderingane i sakene.
Lars Gunnar Johnsen er spesialist i ortopedi og generell kirurgi og jobbar som overlege i traumeseksjonen på St. Olavs hospital. Han tek sakkunnigoppdrag for oss ved sidan av dette arbeidet.
Motivasjon å kunne bidra
Som sakkunnig vurderer Johnsen dei medisinske eller helsefaglege sidene av klagesaka, basert på dei medisinske utgreiingane som følgjer med.
Motivasjonen for å setje av tid til dette arbeidet er todelt, fortel han.
– Det motiverer meg at eg kan bidra. Ein føler seg nyttig. Det kan vere dramatiske skjebnar det er snakk om, folk kan vere fortvila, og det er viktig at dei får ei sakkunnig vurdering. Det er på ein måte eit idealistisk arbeid.
– Samtidig har eg også ei stor fagleg interesse av å ta sakkunnigoppdrag. Det er spennande å setje seg inn i dei ulike problemstillingane, og ein viktig del av motivasjonen er at eg får eit fagleg utbytte av arbeidet.
Bidreg til å forbetre helsetenestene
At ein som sakkunnig blir utfordra fagleg, er noko mange trekker fram, seier avdelingsdirektør for Fag og utvikling i Nasjonalt klageorgan for helsetenesta, Per Erik Omdal.
– Vurderingane som spesialistane gjer i desse sakene, er heilt avgjerande for at vedtaket skal bli riktig. Erfaringa vår er også at dei tykkjer det er eit givande arbeid.
– Ved å ta sakkunnigoppdrag bidreg dei til at enkeltpersonar får ei avklaring, for eksempel ei forklaring på kvifor ei behandling ikkje blei som forventa, men ikkje minst bidreg dei til å utvikle helsetenestene. Statistikk og avvik blir rapportert. Dei sakkunnige spelar slik ei heilt avgjerande rolle i å forbetre helsevesenet vårt.
Stor fleksibilitet i arbeidet
For å bli sakkunnig må ein ha autorisasjon og jobbe som helsepersonell. Ein må også vere uavhengig. Det betyr at ein ikkje kan vere sakkunnig i ei sak som gjeld behandlingsstaden ein jobbar ved.
Dei som tek oppdrag, bestemmer sjølve kor mange dei vil takke ja til.
– Arbeidet er oppdragsbasert og har stor fleksibilitet. Me kontaktar spesialistar i enkeltsaker, og ein står fritt til å seie at ein ikkje har kapasitet, at ein kan ta nokre saker, eller at ein ønsker å bli kontakta på nytt når ein har ein mindre travel periode på jobb, seier Omdal.
Overlege Lars Gunnar Johnsen seier det for han er viktig å prioritere dette arbeidet.
– Me er jo travle klinikarar og har mykje å halde på med i kvardagen, men eg meiner ein må sette av tid til dette. Folk har rett til å få saka si vurdert.
– Me er kjempeheldige i Noreg som har ei klageordning, før ein må trekke saker gjennom i rettsapparatet. Det tenker eg er ein stor fordel. At både medisinarar og juristar vurderer sakene, er veldig bra, seier Johnsen.