– Eg blir dratt mot å utvikle og finne løysingar
Utviklingsarbeid må vere ein del av jobbkvardagen, meiner ny direktør for Nasjonalt klageorgan for helsetenesta, Anita Giæver Hansen.
1. mars tiltredde Anita Giæver Hansen som direktør for Nasjonalt klageorgan for helsetenesta. Ho er utdanna jurist og har 20 år med leiarerfaring frå mellom anna NAV, Bergen fengsel, Kemneren i Bergen og Skatteetaten.
– Eg har blitt veldig godt tatt imot. Det er sett i gong ein masse positive tiltak i organisasjonen, i tråd med krava me skal levere på. Eg gler meg til tida framover, seier Giæver Hansen.
Sterkt engasjement for å effektivisere
Giæver Hansen har lang erfaring frå arbeid med organisasjonsutvikling og å leie gjennom store endringsprosessar. Dette har vore både utfordrande og utruleg lærerikt, seier ho.
– Eg har også sett kor viktig det er å jobbe for at kontinuerleg forbetring skal vere ein del av jobbkvardagen. Det er nødvendig for å kunne henge med på samfunnsutviklinga som går i høgt tempo, med stadige endringar som påverkar oss.
Kontinuerleg forbetring (KF) er ei arbeidsform som handlar om å heile tida finne nye og betre måtar å gjere ting på, slik at ein møter behova til brukaren mest mogleg effektivt.
– Eg blir dratt mot det å utvikle og sjå etter moglegheiter og løysingar. Det fyrste KF-prosjektet eg deltok i var i 1998, og eg har sett korleis dette har gitt gode resultat.
– Det handlar om å jobbe smartare, sjå på heilskapen og forhindre dobbeltarbeid. Når ein jobbar med kontinuerleg forbetring, prøver ein å få dette inn som ein naturleg del av arbeidskvardagen. Ein involverer medarbeidarane, utan at ein treng å gjennomføre store prosjekt. Det er ein eigen måte å tenke på, effektiv for å for eksempel utvikle gode digitale løysingar for brukarane.
Skal redusere saksbehandlingstida
Nasjonalt klageorgan for helsetenesta har tre overordna strategiske mål for 2020–2024 som handlar om effektivisering, brukarorientering og organisasjonsutvikling. Dette er dei viktigaste prioriteringane framover, seier Giæver Hansen.
– Å redusere saksbehandlingstida ytterlegare, i tråd med målkravet frå departementet, er første prioritet. Me skal vere leiande på områda våre og oppretthalde og vidareutvikle den gode fagkompetansen til medarbeidarane våre.
– Me skal effektivisere, halde fram med å utvikle gode digitale løysingar og vere brukarorienterte. Eg er opptatt av klarspråk. At vedtaka våre er tydelege og klare, er kjempeviktig. Å halde fram med å styrke samarbeidet med eksterne partar, som førsteinstansar og Universitetet i Bergen, er også noko me skal halde fram med å prioritere høgt.
– Spennande å bygge opp noko nytt
Samfunnsoppdraget til Nasjonalt klageorgan for helsetenesta er å ta vare på rettstryggleiken til brukarar av og tilsette i helsetenestene. Dette var ein av grunnane til at Giæver Hansen takka ja til stillinga som direktør.
– Organisasjonen har eit viktig samfunnsoppdrag og spennande fagområde. Det er også ein ny organisasjon på berre seks år. Eg tykkjer det er veldig spennande å bygge opp noko nytt.
– Eg hadde også høyrt mykje godt om arbeidsplassen og arbeidsmiljøet. Det er mykje god fagkompetanse i organisasjonen, med framoverlente folk som jobbar i tråd med strategiane og visjonane ein har bestemt seg for. Her har eg tru på at eg har noko å komme med. Eg ønsker å bidra til at me skal halde fram med å utvikle oss.
– Kva engasjerer og motiverer deg?
– Eg tykkjer det er kjekt å få ting til. Å nå mål saman, som eit lag, er motiverande. Det er viktig for meg å jobbe for å skape ein arbeidsplass der folk kjenner eigarskap til samfunnsoppdraget, og der alle kan kjenne på engasjement – at det er gøy å vere med.
– Snart skal me begynne arbeidet med ein ny strategi fram mot 2030. Det blir kjempespennande å sjå på kvar organisasjonen har komme på desse seks åra, og på kvar vegen skal gå vidare.