Doktorgrad: Har forska på samarbeidet mellom farmasøytar og fastlegar
24. mai disputerte Hilde Rakvaag for doktorgraden sin ved Universitet i Bergen. Rakvaag jobbar som rådgivande farmasøyt hos oss.
Avhandlinga hennar, Interpersonal Barriers to and Facilitators of Interprofessional Collaboration: Insights from community pharmacists’ and general practitioners’ positioning of themselves and each other, tek for seg samarbeidet mellom apotekfarmasøytar og fastlegar.
Fann både utfordringar ved samarbeid og måtar å forbetre samarbeid på
Avhandlinga identifiserer både samarbeidsutfordringar og moglege måtar å forbetre samarbeidet på.
Rakvaag peikar blant anna på at fastlegar ikkje kjenner godt nok til farmasøytane sin kompetanse og kva dei kan bidra med. Det har også vore ein historisk maktubalanse mellom dei to profesjonane. Dette er hinder for samarbeid.
Ei proaktiv tilnærming frå farmasøytane overfor legane, og at farmasøytane erkjenner ansvar for sine faglege tilrådingar, ser ut til å kunne fremje samarbeid. Funna i avhandlinga syner at det å skape anledningar der dei to profesjonane kan møtast og bli kjent med kvarandre sine roller og kompetanse, er viktig med tanke på å fremje eit godt samarbeid.
Du kan lese heile avhandlinga på Universitetet i Bergen sine nettsider.