Anna og Line fortel om korleis det er å vere praktikant hjå oss

– Det er eit veldig positivt og triveleg arbeidsmiljø som gjer at ein veks både fagleg og personleg.

Fotoet viser to jenter som sitt og smilar, med ein laptop og ei bok på bordet framfor dei.
Anna Karlsen Spilde (venstre) og Line Camilla Strandenæs (høgre).

Anna Karlsen Spilde og Line Camilla Strandenæs er begge jusstudentar på fjerde året ved Universitetet i Bergen, og starta i mars som praktikantar hjå oss. 

Anna har vore på helserettsavdelinga og hovudsakeleg jobba med saker om legemiddel, og Line har vore på avdelinga for pasientskade kor ho har jobba med saker om pasientskadeerstatning.  

Variert kvardag med samarbeid og sjølvstendig arbeid

Å vere praktikant har vore ei herleg avveksling frå studiekvardagen, seier Line og Anna.

– Det er kjekt å få eit miljøskifte, og å få plassere det ein lærer teoretisk i praksis. Eg synest det er stilig å sjå korleis ein arbeidskvardag faktisk er i eit så stort organ med så mange juristar og fagfolk, som skal jobbe og fungere saman, fortel Anna.

Både Line og Anna beskriv arbeidsdagen som variert. Dagen består ofte av observasjon og deltaking i møter, men praktikantane får òg bryne seg på sjølvstendig arbeid med saker og vedtak. Dei står likevel ikkje aleine i jobben, og set pris på den kontinuerlege tilbakemeldinga undervegs frå fadderen sin og andre i teamet.  

– På jusstudiet er det veldig mykje fiktive saker vi tek stilling til, men her har vi fått tillit til å bruke jussen i praksis med reelle saker. Det er jo eit stort ansvar, så det er tryggande at det blir gjennomgått seinare, forklarar Line.

Anna er òg einig her.

– At ein får kontinuerleg tilbakemelding synes eg er veldig kjekt. Ein får moglegheita til å bli betre, så det er veldig lærerikt.

Det kjekke og det utfordrande 

Anna og Line er ganske einige når dei blir spurt om kva som har utpeika seg som kjekkast med opphaldet så langt.  

– Det var veldig kjekt å vere med i retten. Men eg synest òg det var veldig lærerikt med observeringa av nemndmøta, svarar Line.

Anna nikkar og legg til:

– Det er kjekt å sjå korleis det fungerer i praksis med diskusjonane mellom nemndmedlemma med så god kunnskap. Det å få skjønne litt av prosessane i forvaltninga har vore veldig kjekt.

Begge trekker fram alvoret i arbeidet som den største utfordringa.

– Det er vel kanskje det at det er så reelt. At det ein gjer treff ekte menneske. For eksempel handlar det ofte om å gje avslag til menneske i vanskelege situasjonar og som ofte føler at dei blir urettferdig behandla. Det synest eg er veldig annleis enn det å jobbe med dei fiktive praktikum-oppgåvene på studiet, der ein tek ei slutning som ikkje eigentleg har noko å seie. Her er det nokon i andre enden som kan bli skuffa dersom vedtaket ender med avslag, fortel Line.

– Ein kjenner mykje på ansvaret når ein sit og skriv. Du les saksdokumenta og klaga, og du ser korleis saka går inn på vedkommande. Så må ein òg klare å sjå heilskapen for å sikre likskap. Eg synes det er det som har vore det mest utfordrande, seier Anna.

– Folk har tatt oss godt imot!

For Line og Anna har det gode arbeidsmiljøet vore ein stor del av opplevinga, og noko som dei verkeleg set pris på.

– Eg må påpeike kor flinke dei har vore til å ta oss imot. Alle har opne armar og inkluderer, og det er liksom så sjølvsagt at vi er her. Ein blir som ein heilt ny tilsett i ein månad, på lik linje med alle andre. Eg føler ikkje at eg er ein byrde her, eg er meir eit bidrag, seier Anna.

Det er liten tvil om at begge praktikantane føler dei har blitt tatt godt imot.

– Det er eit veldig positivt og triveleg arbeidsmiljø som gjer at ein veks både fagleg og personleg. Alle sit med kvarandre i lunsjen, det er quiz, og det er veldig triveleg. Ein blir sett av alle saman, fortel Anna.

Dette er noko Line òg kjenner seg igjen i.  

– Det er ingen spisse olbogar. Det verkar som om alle er opptatte av å spele kvarandre gode, seier ho.

Er praktikant hjå oss noko de anbefaler andre å prøve? 

Det er liten tvil når Line nikkar.

– Ja, det har vore utelukkande positivt. 

– Ja! Verkeleg.100 prosent søk. Med handa på hjartet, seier Anna med eit smil. 

Kunne du tenke deg å vere praktikant hjå oss?

Jusstudentar på fjerde eller femte året kan søke om praktikantplass hjå oss. Vi samarbeidar òg med UiT, der studentar som tek rettsvitskap kan velje praksisplass i sjuande semester.

Du kan òg søke deg til kommunikasjonsavdelinga vår gjennom faget praktisk informasjonsarbeid ved Universitetet i Bergen.

Les meir om praktikant- og praksisplassane våre.

Publisert / Endret