4158 personar fekk svar på saka si i 2024

Vi fekk inn fleire saker i 2024 enn vi gjorde året før. 

Bildet syner seks personar ved eit langbord på eit møterom.

Nasjonalt klageorgan for helsetenesta mottok 4191 saker i 2024. Det er det høgste talet på mottatte saker sidan vi blei oppretta i 2016, og 193 fleire saker enn i 2023. 

Hovudtrekk for 2024: 

  • Vi handsama 4158 saker. 
  • Vi har dei siste to åra redusert talet på saker som ventar på svar. 
  • Vi har redusert talet på eldre saker. 
  • Vi har nådd måla for sakshandsamingstid på dei fleste områda. 

Vi handsama fleire pasientskadesaker enn vi fekk inn 

I 2024 handsama vi for femte året på rad fleire pasientskadesaker enn vi fekk inn. Vi mottok 2191 nye saker og handsama 2379 saker.

Vi nådde målet om 12 månader sakshandsamingstid i dei fleste pasientskadesakene. Den samla sakshandsamingstida har blitt redusert med 1,4 månader det siste året. Ved utgangen av 2024 var den gjennomsnittlege sakshandsamingstida 12,4 månader. I 2023 var talet på same tidspunkt 13,8 månader. 

I pasientskadesaker som gjeld avslag på erstatning frå Norsk pasientskadeerstatning, har vi redusert sakshandsamingstida frå 10,2 månader i 2023 til 9,9 månader i 2024. I saker der personar har klaga på erstatningsbeløpet, har vi redusert sakshandsamingstida frå 20,9 månader i 2023 til 19,7 månader i 2024.  

Det totale talet på pasientskadesaker som ventar på svar er redusert frå 2129 saker i desember 2023 til 1958 saker i desember 2024. Vi har og redusert talet på eldre saker. 

Vi nådde målet om under 12 månader sakshandsamingstid på Helfo-området 

Vi fekk inn 1529 Helfo-saker i 2024. Det er 163 fleire saker enn i 2023 og ei auke på 12 prosent. I 2024 handsama vi 1426 saker. 

Vi har nådd målet om å halde den samla sakshandsamingstida på Helfo-saker under 12 månader. I desember 2024 var den gjennomsnittlege sakshandsamingstida på 10,6 månader.  

Fleire fekk svar frå Statens helsepersonellnemnd i 2024 enn året før 

Statens helsepersonellnemnd fekk inn 362 nye saker i 2024. Det er ei auke på 34 prosent, samanlikna med 2023 då talet på nye saker var 271.  

Fleire personar fekk svar på saka si i 2024, samanlikna med i 2023. I 2024 fekk 252 personar svar, medan talet i 2023 var 241. 

Den gjennomsnittlege sakshandsamingstida i 2024 var 12,5 månader. Dette er likt som i 2023. 

Sivilombodet uttrykte i 2024 bekymring for den lange sakshandsamingstida i Statens helsepersonellnemnd. 

Tal for dei andre saksområda 

I 2024 mottok helserettsavdelingane 77 nye saker i kategorien andre klagesaker og handsama 70. I desse sakene var sakshandsamingstida 3,1 månader.

Pasientskadeavdelingane mottok seks saker som gjeld utlevering av helseopplysningar frå Norsk helsearkiv og saker som gjeld tilgang til data frå Helsedataservice. Sakshandsamingstida i desse sakene var seks månader.

I saker som gjeld behandling i utlandet var den gjennomsnittlege sakshandsamingstida 3,7 månader. Her mottok vi 26 nye saker og handsama 25. 

Apotekklagenemnda handsama ei sak i 2024 og fekk ikkje inn nye saker.

Auke i talet på aktive rettsprosessar på helserettsområdet 

I rettsprosessar på helserettsområdet er det Regjeringsadvokaten som er prosessfullmektig, medan vi er partsrepresentant. Det betyr at vi har det faglege ansvaret og skriv tilsvar og prosesskriv for Regjeringsadvokaten. 

I 2024 kom det inn 10 stemningar (stevningar) på helserettsområdet. I 2023 var dette talet fem. Ni av stemningane i 2024 gjaldt vedtak i tilsynssaker i Statens helsepersonellnemnd, ei av stemningane gjaldt eit Helfo-vedtak og ei gjaldt sakskostnader i ei forvaltningssak. 

I 2024 blei fem saker avslutta i retten: ei sak frå Apotekklagenemnda, ei førarkortsak, ei Helfo-sak og to tilsynssaker frå Statens helsepersonellnemnd. 

Ved utgangen av desember 2024 var det 13 aktive rettsprosessar på helserettsområdet. 

Færre stemningar på pasientskadeområdet 

Vi er prosessfullmektig når staten ved Pasientskadenemnda blir saksøkt.  

I 2024 mottok vi 161 stemningar på pasientskadeområdet. Det er ein nedgang frå året før, då vi mottok 203 stemningar. 

I 2024 var talet på rettskraftige dommar 35. Staten blei frifunnen i 20 av sakene og fekk delvis medhald i tre saker.

Det kan komme endringar i enkelte av tala.

Publisert / Endret