Utlevering av helseopplysningar

Vi behandlar klager på vedtak om utlevering av helseopplysningar frå Norsk helsearkiv.

 

Norsk helsearkiv tek vare på eldre, bevaringsverdige pasientarkiv frå helseføretaka, og gjer helseopplysningar i arkivet tilgjengeleg for forskarar og pårørande i samsvar med gjeldande føresegner om teieplikt.

Klagesakene gjeld heilt eller delvis avslag på innsyn i pasientjournalar hos jf. helsearkivforskrifta § 31.

Skal du klage på eit vedtak?

Saksbehandlinga hos oss

Vi får klagesaka frå Norsk helsearkiv. Når vi har fått klagesaka di, sender vi deg eit brev om at ho er registrert hos oss. I brevet får du òg informasjon om når du kan forvente at saka er ferdigbehandla. Saksbehandlingstida varierer etter kompleksiteten i saka. 

Saksbehandlinga er skriftleg. Saksbehandlaren som blir tildelt saka di, gjer ei ny juridisk vurdering og hentar inn nye eller oppdaterte opplysningar viss det er nødvendig. Vedkommande vurderer om det er grunnlag for å endre vedtaket til direktoratet. Det er alltid minst to personar som vurderer saka.

Når vi har gjort eit vedtak i saka, sender vi det til deg eller representanten din. Vi sender òg vedtaket til direktoratet.

Du kan følgje klagesaka di på Mi side.

Vedtaka våre er endelege

Vedtak frå oss er endelege og kan ikkje klagast på vidare. Vedtak kan leggjast fram for domstolane for rettsleg overprøving.