Tilgang til data frå Helsedataservice
Vi behandlar klager på vedtak om tilgang til data frå Helsedataservice.
Helsedataservice er ei nasjonal teneste for tilgjengeleggjering av helsedata frå norske helseregister. Helsedata kan brukast i til dømes statistikk, helseanalysar, forsking, kvalitetsforbetring, planlegging, styring og beredskap.
Klagesakene gjeld heilt eller delvis avslag på tilgang til helsedata etter § 4 og § 5 og vedtak om dispensasjon frå teieplikta etter § 7 i forskrift om nasjonal løysing for tilgjengeleggjering av helsedata.
Saksbehandlinga hos oss
Vi får klagesaka frå Folkehelseinstituttet. Når vi har fått klagesaka di, sender vi deg eit brev om at ho er registrert hos oss. I brevet får du òg informasjon om når du kan forvente at saka er ferdigbehandla. Saksbehandlingstida varierer etter kompleksiteten i saka.
Saksbehandlinga er skriftleg. Saksbehandlaren som blir tildelt saka di, gjer ei ny juridisk vurdering og hentar inn nye eller oppdaterte opplysningar viss det er nødvendig. Vedkommande vurderer om det er grunnlag for å endre vedtaket til direktoratet. Det er alltid minst to personar som vurderer saka.
Når vi har gjort eit vedtak i saka, sender vi det til deg eller representanten din. Vi sender òg vedtaket til direktoratet.
Du kan følgje klagesaka di på Mi side.
Vedtaka våre er endelege
Vedtak frå oss er endelege og kan ikkje klagast på vidare. Vedtak kan leggjast fram for domstolane for rettsleg overprøving.