Tilbakekrevjing av refusjonsutbetaling til behandlarar
Vi behandlar klager på vedtak om tilbakekrevjing av refusjonsutbetaling til behandlarar.
Helseaktørar med avtale om direkte oppgjer sender refusjonskrava sine til Helfo. Viss Helfo avdekkjer feil i eit eller fleire av dei mottekne krava, kan dei gjere vedtak om at behandlaren må betale tilbake heile eller delar av beløpet som hen har fått utbetalt.
Feil i krava kan til dømes vere
- feil takstbruk
- unødvendig behandling
- fiktive krav
Saksbehandlinga hos oss
Vi får klagesaka frå Helfo. Når vi har fått saka di, sender vi deg eit brev om at ho er registrert hos oss. I brevet får du òg informasjon om kor lang tid vi reknar med å bruke på saka. Saksbehandlingstida varierer etter kor kompleks saka er.
Saksbehandlinga vår er skriftleg. Saksbehandlaren som blir tildelt saka di, vurderer henne på nytt og hentar inn nye eller oppdaterte opplysningar viss det er nødvendig. Vedkommande vurderer om det er grunnlag for å endre vedtaket til Helfo. Det er alltid minst to personar som vurderer saka. Tilbakekrevjingssaker blir ofte òg vurderte av ein rådgivande medisinar, til dømes ein lege.
Når vi har gjort eit vedtak i saka di, sender vi det til deg eller representanten din. Vi sender det òg til Helfo. Det er Helfo som følgjer opp vedtaket.
Du kan følgje klagesaka di på Mi side.
Vedtaka våre er endelege
Vedtak frå oss er endelege. Det vil seie at du ikkje kan klage på dei. Du kan føre saka di inn for domstolane for rettsleg overprøving.