Spesialistgodkjenning av legar og tannlegar
Statens helsepersonellnemnd er klageinstans for vedtak om spesialistgodkjenning for legar og tannlegar. Vi er sekretariatet til nemnda, og får, greier ut og førebur sakene for nemnda.
Legar og tannlegar som har teke spesialistutdanning må søkje om godkjenning.
Klagesakene gjeld avslag på spesialistgodkjenning.
Saksbehandlinga hos oss
Vi får klagesaka frå Helsedirektoratet. Når vi har fått saka di, sender vi deg eit brev om at ho er registrert hos oss. I brevet får du òg informasjon om forventa saksbehandlingstid. Saksbehandlingstida varierer etter kompleksiteten i saka.
Saksbehandlarane våre som jobbar med helsepersonellsaker, er sekretariat for Statens helsepersonellnemnd. Dei greier ut klagesakene for nemnda.
Saksbehandlinga er skriftleg. Saksbehandlaren som blir tildelt saka di, gjer ei ny juridisk vurdering, og hentar inn nye eller oppdaterte opplysningar viss det er nødvendig. Saka blir lagt fram for nemnda, som gjer vedtak. I enkelte saker kan vi gjere vedtak etter delegert myndigheit frå nemnda.
Du kan følgje klagesaka di på Mi side.
Når nemnda har gjort vedtak
Statens helsepersonellnemnd har vanlegvis møte ein gong i månaden, med unntak av i juli. Når nemnda har gjort vedtak i saka di, sender vi det til deg eller representanten din.
Reglane i forvaltningslova gjeld for behandlinga av klagene i nemnda. Grunngivinga for avgjerda står i vedtaket.
Vi sender òg vedtaket til Helsedirektoratet. Det er Helsedirektoratet som oppdaterer Helsepersonellregisteret.
Vedtak frå nemnda er endelege
Vedtak i Statens helsepersonellnemnd er endelege og kan ikkje klagast på vidare. Nemndvedtaket kan leggjast fram for domstolane for rettsleg overprøving. Søksmålsfristen er 6 månader frå du får vedtaket.