Særplass i eller utsetjing av turnusteneste for fysioterapeutar

Vi behandlar klager på vedtak om utsetjing av turnusteneste og søknad om særplass for fysioterapeutar.

 

Klagesakene gjeld avslag på søknad om utsetjing av turnusteneste eller søknad om særplass.

Skal du klage på eit vedtak?

Saksbehandlinga hos oss

Vi får klagesaka frå Statsforvaltaren. Når vi har fått saka di, sender vi deg eit brev om at ho er registrert hos oss. I brevet får du òg informasjon om forventa saksbehandlingstid. Saksbehandlingstida varierer etter kompleksiteten i saka.

Saksbehandlinga er skriftleg. Saksbehandlaren som blir tildelt saka di, gjer ei ny juridisk vurdering og hentar inn nye eller oppdaterte opplysningar viss det er nødvendig. Vedkommande vurderer om det er grunnlag for å endre vedtaket frå førsteinstansen. Det er alltid minst to personar som vurderer saka.

Når vi har gjort eit vedtak i saka, sender vi det til deg eller representanten din. Vi sender det òg til Statsforvaltaren.

Du kan følgje klagesaka di på Mi side.

Vedtaka våre er endelege

Vedtak frå oss er endelege og kan ikkje klagast på vidare. Vedtak kan leggjast fram for domstolane for rettsleg overprøving.