Pålegg om oppretting av stilling for lege i spesialisering (LIS1)

Vi behandlar klager på vedtak om oppretting av stilling for lege i spesialisering (LIS1).


Helsedirektoratet kan påleggje kommunar å tilsetje legar i del 1 av spesialistutdanninga (LIS1).

Klagesakene gjeld om pålegget er nødvendig.

Skal de klage på eit vedtak?

Saksbehandlinga hos oss

Vi får klagesaka frå Helsedirektoratet. Når vi har fått saka, sender vi dykk eit brev om at ho er registrert hos oss. I brevet får de òg informasjon om forventa saksbehandlingstid. Saksbehandlingstida varierer etter kompleksiteten i saka. 

Saksbehandlinga er skriftleg. Saksbehandlaren som blir tildelt saka di, gjer ei ny juridisk vurdering og hentar inn nye eller oppdaterte opplysningar viss det er nødvendig. Vedkommande vurderer om det er grunnlag for å endre vedtaket. Det er alltid minst to personar som vurderer saka.

Når vi har gjort eit vedtak i saka, sender vi det til dykk. Vi sender òg vedtaket til Helsedirektoratet. 

Du kan følgje klagesaka di på Mi side.

Vedtaka våre er endelege

Vedtak frå oss er endelege og kan ikkje klagast på vidare. Vedtak kan leggjast fram for domstolane for rettsleg overprøving.