Konsesjon til drift av apotek

Apotekklagenemnda er klageinstans for vedtak om drift av filialapotek. Vi er sekretariatet til nemnda og tek imot, greier ut og førebur sakene for nemnda.

 

Apotekklagenemnda kan behandle klager på vedtak etter kapittel 3 til 9 i apoteklova.

Klagesakene gjeld avslag på konsesjon til drift av apotek

Skal du klage på eit vedtak?

Saksbehandlinga hos oss

Vi får klagesaka frå Direktoratet for medisinske produkt (tidlegare Statens legemiddelverk). Når vi har fått saka di, sender vi deg eit brev om at ho er registrert hos oss. I brevet får du òg informasjon om forventa saksbehandlingstid. Saksbehandlingstida varierer etter kompleksiteten i saka.

Saksbehandlarane våre som jobbar med klager på vedtak etter kapittel 3 til 9 i apoteklova, er sekretariat for Apotekklagenemnda. Dei førebur klagesakene for nemnda.

Saksbehandlinga er skriftleg. Saksbehandlaren som blir tildelt saka di, gjer ei ny juridisk vurdering og hentar inn nye eller oppdaterte opplysningar viss det er nødvendig. Saka blir lagt fram for nemnda, som gjer vedtak. I enkelte saker kan vi gjere vedtak etter delegert myndigheit frå nemnda.

Du kan følgje klagesaka di på Mi side.

Når nemnda har gjort vedtak

Apotekklagenemnda har møte ved behov, i samband med møte i Statens helsepersonellnemnd. Når nemnda har gjort vedtak i saka, sender vi det deg eller representanten din.

Reglane i forvaltningslova gjeld for behandlinga av klagene i nemnda. Grunngivinga for avgjerda står i vedtaket.

Vi sender òg vedtaket til Direktoratet for medisinske produkt.

Vedtak frå nemnda er endelege

Vedtak i Apotekklagenemnda er endelege og kan ikkje klagast på vidare. Nemndvedtaket kan leggjast fram for domstolane for rettsleg overprøving. Søksmålsfristen er 6 månader frå du får vedtaket.