Førarkort
Vi behandler klager på vedtak i førerkortsaker fattet av Statsforvalteren etter førerkortforskriften.
Viss du ikkje oppfyller helsekrava i førarkortforskrifta, kan du søkje Statsforvaltaren om dispensasjon.
Klagesakene gjeld til dømes at du
- ikkje har fått innvilga dispensasjon for å kunne køyre bil
- er usamd i dispensasjonsvilkåra
- er usamd i lengda på dispensasjonsperioden
Saksbehandlinga hos oss
Vi får klagesaka frå Statsforvaltaren. Når vi har fått saka di, sender vi deg eit brev om at ho er registrert hos oss. I brevet får du òg informasjon om forventa saksbehandlingstid. Saksbehandlingstida varierer etter kompleksiteten i saka.
Saksbehandlinga er skriftleg. Saksbehandlaren som blir tildelt saka di, gjer ei ny juridisk vurdering og hentar inn nye eller oppdaterte opplysningar viss det er nødvendig. Vedkommande vurderer om det er grunnlag for å endre vedtaket til Statsforvaltaren. Det er alltid minst to personar som vurderer saka. Dei fleste klagesakene blir òg vurderte av medisinsk sakkunnig.
Når vi har gjort eit vedtak i saka, sender vi det til deg eller representanten din. Vi sender det òg til Statsforvaltaren.
Du kan følgje klagesaka di på Mi side.
Vedtaka våre er endelege
Vedtak frå oss er endelege og kan ikkje klagast på vidare. Vedtak kan leggjast fram for domstolane for rettsleg overprøving.