Endring av juridisk kjønn for barn (6–16 år)
Vi behandlar klager på vedtak om endring av juridisk kjønn for barn mellom 6 og 16 år.
Klagesakene gjeld avslag på søknad om endring av juridisk kjønn for barn mellom 6 og 16 år.
Saksbehandlinga hos oss
Vi får klagesaka frå Statsforvalteren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus. Når vi har fått saka, sender vi deg/dykk eit brev om at ho er registrert hos oss. I brevet får du/de òg informasjon om forventa saksbehandlingstid. Saksbehandlingstida varierer etter klagetema og kompleksiteten i saka.
Saksbehandlinga er skriftleg. Saksbehandlaren som blir tildelt saka, gjer ei ny juridisk vurdering og hentar inn nye eller oppdaterte opplysningar viss det er nødvendig. Vedkommande vurderer om det er grunnlag for å endre vedtaket. Det er alltid minst to personar som vurderer saka.
Når vi har gjort eit vedtak i saka, sender vi det til deg/dykk eller representanten din/dykkar. Vi sender òg vedtaket til Statsforvalteren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus.
Du/de kan følgje klagesaka di på Mi side.
Vedtaka våre er endelege
Vedtak frå oss er endelege og kan ikkje klagast på vidare. Vedtak kan leggjast fram for domstolane for rettsleg overprøving.