Dekning av utgifter til trening etter habiliteringsprogram i utlandet

Vi behandlar klager på vedtak om dekning av utgifter til utanlandske habiliteringsprogram.

 

Foreldre kan få dekt utgifter til trening og utstyr i heimen etter kurs eller behandling i utlandet som byggjer på Doman-metoden, til dømes Family Hope Center-programmet.

Klagesakene gjeld avslag på søknad om dekning av utgifter.

Skal du klage på eit vedtak?

Saksbehandlinga hos oss

Vi får klagesaka frå det regionale helseføretaket. Når vi har fått saka di, sender vi deg eit brev om at ho er registrert hos oss. I brevet får du òg informasjon om forventa saksbehandlingstid. Saksbehandlingstida varierer etter kompleksiteten i saka.

Saksbehandlinga er skriftleg. Saksbehandlaren som blir tildelt saka di, gjer ei ny juridisk vurdering og hentar inn nye eller oppdaterte opplysningar viss det er nødvendig. Vedkommande vurderer om det er grunnlag for å endre vedtaket. Det er alltid minst to personar som vurderer saka.

Når vi har gjort vedtak i saka, sender vi det til deg eller representanten din. Vi sender det òg til helseføretaket. Det er helseføretaket som følgjer opp vedtaket og dekkjer behandlingsutgiftene dersom du/de får medhald.

Du kan følgje klagesaka di på Mi side.

Vedtaka våre er endelege

Vedtak frå oss er endelege og kan ikkje klagast på vidare. Vedtak kan leggjast fram for domstolane for rettsleg overprøving.