Dekning av sakskostnader i spesialisthelsetenesta
Vi behandlar klagar på vedtak om dekning av sakskostnader i spesialisthelsetenesta.
Når ein pasient har fått gjort om eit vedtak til sin fordel i spesialisthelsetenesta, kan dei få dekt sakskostnader som har vore nødvendige for å vedtaket omgjort.
Klagesakene gjeld avslag på dekning av sakskostnader.
Saksbehandlinga hos oss
Vi får klagesaka frå det regionale helseføretaket. Når vi har fått saka di, sender vi deg eit brev om at ho er registrert hos oss. I brevet får du òg informasjon om forventa saksbehandlingstid. Saksbehandlingstida varierer etter kompleksiteten i saka.
Saksbehandlinga er skriftleg. Saksbehandlaren som blir tildelt saka di, gjer ei ny juridisk vurdering og hentar inn nye eller oppdaterte opplysningar viss det er nødvendig. Vedkommande vurderer om det er grunnlag for å endre vedtaket. Det er alltid minst to personar som vurderer saka.
Når vi har gjort vedtak i saka, sender vi det til deg eller representanten din. Vi sender det òg til helseføretaket. Det er helseføretaket som følgjer opp vedtaket dersom du får medhald.
Du kan følgje klagesaka di på Mi side.
Vedtaka våre er endelege
Vedtak frå oss er endelege og kan ikkje klagast på vidare. Vedtak kan leggjast fram for domstolane for rettsleg overprøving.