Dekning av betalingskrav frå spesialisthelsetenesta

Dersom pasientar som ikkje er busette i Noreg skal klaga på ein faktura for helsehjelp i spesialisthelsetenesta, må klagen sendast til det regionale helseføretaket.

En person som bruker kalkulator. Foto: Mostphotos.

Når pasientar som ikkje er busette i Noreg eller ikkje er medlem i folketrygda får helsehjelp i spesialisthelsetenesta, mottek dei i ettertid faktura med krav om betaling.

Klagesakene gjeld betalingskravet.

Skal du klaga på ein faktura? 

Dersom du vil klaga på fakturaen, må du senda denne til det regionale helseføretaket innan 3 veker etter at du mottok den. I klagen må du skriva kva faktura du klagar på og kvifor du meiner den er feil.

Helseføretaket går gjennom klagen din og vurderer om dei skal endra eller oppretthalda betalingskravet. Dersom kravet blir oppretthalde, sender dei klagesaka til oss for ei ny juridisk vurdering.

Regionale helseføretak

Korleis behandlar me klagesaka?

Saksbehandlingen av klager som gjeld dekning av betalingskrav frå spesialisthelsetenesta

Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring