Praktikantordning
Jusstudentar på fjerde og femte studieår med interesse for erstatningsrett, helserett, forvaltningsrett, EU/EØS-rett, trygderett eller prosedyre kan søkje om å bli praktikant hos oss.
Nasjonalt klageorgan for helsetenesta er eit av Noregs største fagmiljø innan erstatningsrett, helserett, forvaltningsrett, EU/EØS-rett og prosedyre, og Bergens største samla fagmiljø for juristar. Som praktikant hos oss får du jobbe med spennande juridiske problemstillingar og lære meir om fagområda våre.
I fire veker får du relevant arbeidserfaring og prøve korleis det er å jobbe som jurist eller advokatfullmektig i ein statleg etat. Du blir tilsett og lønna som konsulent.
Under praktikantperioden er du tilknytta ei av avdelingane våre – enten helserettsavdelinga, ei av avdelingane som jobbar med pasientskadeerstatning eller rettssaksavdelinga. Du får også eigen fadder!
Når er praktikantperioden?
Neste praktikantperiode er 30. oktober–24. november 2023.
Når er søknadsfristen?
Frist for å søkje praktikantplass er 17. september.
Send søknaden via Webcruiter.
Å vere praktikant hjå Nasjonalt klageorgan for helsetenesta var ei fin ei mogelegheit til å teste ut korleis det er å jobbe i et innovativt, offentleg organ. Dersom du ser etter eit lærerikt, utfordrande og sosialt praktikantopphald, anbefaler eg deg verkeleg å søkje!
Maren
tidlegare praktikant