Uttale frå Sivilombodet: Pasientskadesak skulle blitt prioritert som følgje av lang behandling i fleire ledd

Sivilombodet har konkludert med at behandlingstida i ei pasientskadesak var for lang. Saka skulle vore prioritert på grunn av lang behandlingstid i både forvaltninga og domstolane.

Et stort paragraftegn med andre ikoner i bakgrunnen. Foto: Mostphotos.

Uttala fra Sivilombodet gjeld ei klagesak som Pasientskadenemnda behandla i august 2022.

Då klaga blei oversendt frå Norsk pasientskadeerstatning, fanga me dessverre ikkje opp at saka allereie hadde vore behandla i forvaltninga og domstolane. Saka skulle vore prioritert etter gjeldande rutinar på grunn av den lange behandlingstida totalt.

Ifølgje Sivilombodet er det positivt at me har fått meir ressursar til behandlinga av pasientskadesaker, og at dette har resultert i auka saksbehandlingskapasitet. Behandlingstidene på pasientskadeområdet er framleis for lange, og det er derfor nødvendig med vidare innsats for å redusere desse ytterlegare.

Les heile uttala frå Sivilombodet

Publisert / Endret
Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring