Uttale frå Sivilombodet: Apotekklagenemnda hadde ikkje heimel til å gi åtvaring til farmasøyt for drift av apotek utan nødvendig driftskonsesjon

Sivilombodet ber Apotekklagenemnda om å vurdera klage på vedtak om åtvaring på nytt.

Et stort paragraftegn med andre ikoner i bakgrunnen. Foto: Mostphotos.

Apotekklagenemnda heldt oppe eit vedtak frå Statens legemiddelverk om å gi ein farmasøyt ei åtvaring etter apoteklova § 8-4 for «mangelfull eller uforsvarleg drift» ved å driva apotek utan nødvendig driftskonsesjon.

Sivilombodet kom til det ikkje er tilgang til å gi ei åtvaring til andre enn den eller dei som blir rekna som apotek eller apotekkonsesjonær etter apoteklova.

Klagesaka skal behandlast på nytt av Apotekklagenemnda i mai.

Publisert / Endret
Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring