Ny forskrift gir høgare utbetaling til dei som har krav på pasientskadeerstatning for framtidig tap

Endringa gjeld for pasientskadeerstatning som blir utmålt frå og med 1. oktober 2022.

Bildet syner ein konsultasjon mellom ein lege og ein pasient. Legen held eit nettbrett i hendene. Foto: Mostphotos.

Som hovudregel blir pasientskadeerstatning utmålt som ein eingangssum. Ved berekning av erstatning for framtidig tap, brukast ei kapitaliseringsrente for å berekne beløpet.

Dette blir gjort for å ta hensyn til den avkastninga den skadelidne må kunne forvente å oppnå ved at erstatninga utbetalast i ei engongsutbetaling.

Fram til i dag har det vore opp til domstolane å fastsetje kapitaliseringsrenta.

Lågare rente vil gi meir i erstatning

I 2014 kom Høgsterett til at kapitaliseringsrenta som hovudregel skal vere 4 prosent. Den nye forskrifta set den generelle renta til 2,5 prosent.

I tilfelle der erstatninga heilt eller delvis skal plasserast som bankinnskot etter verjemålslova, for eksempel fordi den skadelidne er under 18 år, skal renta setjast til 1,5 prosent. Det heng saman med at desse skadelidne ikkje har same moglegheiter til å investere erstatningssummen.

Forskrifta trer i kraft 1. oktober 2022 og gjeld for personskadeerstatning, blant anna pasientskadeerstatning, som blir utmålt etter at forskrifta har tredd i kraft.

Publisert / Endret
Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring