Høyring: Etterutdanning for spesialistar i allmennmedisin

Helse- og omsorgsdepartementet foreslår å endre helsepersonellova. Vi har gitt vårt høyringssvar.

Et stetoskop ligger oppå noen papirer på et bord, bak bordet sitter en lege. Foto: Mostphotos.

Helse- og omsorgsdepartementet har sendt på høyring eit forslag om endringar i helsepersonellova.

Endringane skal gje tydelege heimlar til å fastsetje forskrifter om etterutdanning for helsepersonell med spesialistgodkjenning. Dette er i dag berre aktuelt for legar som er spesialistar i allmennmedisin.

Vårt høyringssvar

Dersom helsepersonellova § 53 blir endra i tråd med forslaget, så vil ein innføre ei ordning der Statens helsepersonellnemnd (nemnda) igjen blir klageinstans i saker som gjeld godkjenning av etterutdanning for spesialistar i allmennmedisin. Samtidig er dagens heimel for Nasjonalt klageorgan for helsetenesta si handsaming av klagesaker på dette området ikke foreslått oppheva.

Det bør klargjerast/utgreiast om det er meninga at nemnda og Nasjonalt klageorgan for helsetjenesten skal handsame ulike spørsmål (godkjenning av etterutdanning, og konsekvensane av ei manglande godkjenning), eller om endringa medfører at vi og nemnda handsamar same spørsmål. Dersom dette gjeld same spørsmål/klagetema, og nemnda skal vere klageinstans, bør dagens heimel i stønadsforskrifta § 9 opphevast.

Vi har også nokre fleire merknader til forslaget.

Les vårt høyringssvar her

Publisert / Endret
Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring