Høyring: Forslag til endringar i førarkortforskrifta vedlegg 1

Endringsforslaget gjeld vidareføring av dispensasjonar for førarrett i tunge klassar for personar med syn på berre eitt auge. Her kan du lese våre merknader til den føreslegne endringa.

Lastebil som kjører på en motorvei. Foto: Mostphotos.

Nasjonalt klageorgan for helsetenesta er klageinstans på vedtak frå Fylkesmannen i førarkortsaker.

Her er vårt høyringssvar til forskriftsendringa

Bakgrunnen for høyringa

Krav til synsstyrke på begge auge for førarar av tunge køyretøy trådde i kraft i Noreg i juli 2010. Ifølgje EU-kommisjonen er det ikkje høve til å gjere unntak frå dei medisinske krava i EUs førarkortdirektiv. 

Ved endring av helsekrava i førarkortforskrifta vedlegg 1 frå 1. oktober 2016, blei moglegheita til å få dispensasjon frå helsekrava sterkt innskrenka. Det blei likevel vedtatt ei overgangsbestemming, som har gjort det mogleg å få fornya ein dispensasjon som var innvilga før det nye regelverket trådde i kraft. Denne overgangsbestemminga gjeld ut september 2019.

Samferdselsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet vil leggje til rette for at personar med syn på berre eitt auge framleis kan få dispensasjon frå helsekrava til førarkort for tunge køyretøy. Forslaget til regelverksendringa vil gjere det mogleg å vidareføre tidligare innvilga dispensasjonar etter 30. september 2019.

Høyring: Endringar i førarkortforskrifta vedlegg 1

Publisert / Endret
Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring