– Fellesskapskjensla motiverer meg

Eirik er rådgjevar på Service- og dokumentsenteret og kan hjelpe med det meste.

Bilde av Eirik Milford. Foto: Cecilie Bannow.

– Tilfeldigheiter gjorde at eg kom hit. Eit knakande godt fellesskap og gode kollegaer gjorde at eg blei her, fortel Eirik.

Han er rådgjevar på Service- og dokumentsenteret og seier det gode arbeidsmiljøet er viktig for han.

Det er kjekt å komme på jobb og bli møtt av «der var du, flotte greier, kan du hjelpe meg?». Eg kjenner at det er bruk for meg her, og at eg er ein del av teamet. Det beste med jobben min er at eg får bidra og kjenne at eg utgjer ein forskjell.

Korleis er det å jobbe i Nasjonalt klageorgan for helsetenesta?

– Gjevande å skape møtepunkt for alle

Eirik har mastergrad i historie frå Universitet i Bergen, og har mellom anna studert samanliknande politikk, informatikk og filosofi.

I 2018 begynte han i resepsjonen hos oss. Sidan har han jobba med postmottak og utsending av brev, han svarar på telefonar og e-postar, registrerer informasjonen som brukarar sender inn og gjer endringar i kontaktregisteret (for eksempel når folk byter namn eller kjønn eller når advokatar skiftar firma).

Han hjelper med tekniske oppgåver for kollegaer, og digitaliserer dei fysiske tannmodellane som er dokumentasjon i saker. Eirik er også hovudtillitsvald for Norsk Tjenestemannslag i LO og er med i sosialkomiteen.

– Me har fleire sosialkomitear på avdelingane. Eg er med i den sentrale komiteen som rettar seg mot heile organisasjonen. Me prøver å skape sosiale arenaer for alle, på kryss og tvers av avdelingane. Det kan vere bowling, curling, pizza eller lønningstreff, og det er låg terskel for å bli med. Det er utruleg gjevande å skape møtepunkt for alle, slik at folk frå ulike avdelingar kan møtast som venner og ikkje berre kollegaer.

Likar å vere med og dra lasset

Kva engasjerer deg på jobb?

Å få ting til å verke. Eg gjev meg ikkje før ting verkar som dei skal. Særleg tekniske ting.

Det motiverer meg også med fellesskapskjensla her. Eg likar å kjenne at eg bidreg til noko som er viktig. Eg har tidlegare jobba som riggar, mellom anna for festivalar, og eg får litt den same kjensla her av å vere med på å dra lasset. Det gjev meg noko, og eg prøver å gjere mitt beste for å bidra inn i teamet.

Kva vil du seie til folk som vurderer å søke seg hit?

Ver på ballen. Det er ikkje noko å lure på.

Publisert / Endret
Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring