Vil du vera helsefagleg sakkunnig?

For å greia ut klagesakene grundig treng me uavhengige helsefaglege spesialistar frå ulike fagområde.

To helsepersonell, en kvinne og en mann, som ser på en skjerm. Foto: Mostphotos.

Me brukar sakkunnige til å vurdera medisinske spørsmål og helsefaglege utdanningar

Klagesakene me behandlar gjeld helsefaglege problemstillingar og utdanningar. Me treng difor ofte hjelp frå eksterne sakkunnige som kan gi faglege vurderingar.

Sakkunnig-erklæringar er ein del av det medisinske grunnlaget i saksbehandlinga. Erklæringane er avgjerande for at me skal kunna fatta rett vedtak, sikra god kvalitet og rettstryggleik i saksbehandlinga.

Kva gjer ein sakkunnig?

Som ekstern sakkunnig vurderer du dei medisinske sidene av klagesaka, basert på dei medisinske utgreiingane som følgjer med:

  • Du får eit mandat med spørsmål som du skal svara på. Kva du skal svara på og vurdera, kjem an på kva sakstype det er.
    • I nokre saker skal du vurdera, utfrå tidspunktet og nivået pasienten vart behandla på, om behandlinga var i samsvar med vanleg god medisinsk praksis.
    • I andre saker skal du vurdera helsepersonellet si utdanning, grunnleggjande helsekrav eller behandlaren si forvaltning av offentlege ytingar.
  • Du må vurdera om saka også bør greiast ut av anna helsepersonell eller annan sakkunnig. Er det rett spesialitet som har greidd ut saka?
  • Du må visa til relevant forsking og skilja mellom faktisk kunnskap og skjønnsmessige vurderingar.

Kven kan bli sakkunnig?

Ein sakkunnig må vera i klinisk praksis og uavhengig. Det betyr til dømes at ein lege ikkje kan vera sakkunnig i ei sak som involverer behandlingsstaden hen jobbar ved.

Me bruker sakkunnige frå heile Noreg, og unntaksvis svenske eller danske sakkunnige i saker der nasjonal kompetanse skal vurderast eller der det er nødvendig for å unngå inhabilitet.

Handlingane til helsepersonell blir vurderte av helsepersonell med same kompetanse. Det betyr at den som vurderer ei behandling, har same bakgrunn som den som utførte behandlinga. Når det er nødvendig, er det ein sakkunnig med same spesialitet og på same nivå som gjer vurderinga.

Kva sakkunnige treng me?

Me har jamleg behov for fleire ulike sakkunnige på mange fagområde. Akkurat no har me spesielt behov for følgjande sakkunnige (sortert etter sakstype):

Autorisasjon av helsepersonell

  • bioingeniør
  • fysioterapeut
  • helsefagarbeidar
  • jordmor
  • klinisk ernæringsfysiolog
  • lege som kjenner til reglane for spesialistgodkjenning
  • optikar
  • provisorfarmasøyt
  • psykolog
  • radiograf
  • reseptarfarmasøyt
  • sykepleiar

Det er ein fordel at du kjenner innhaldet i utdanninga/utdanningane innan ditt fagområde.

Klagesaker frå Helfo

  • kjeveortoped

Pasientskadesaker

  • barne- og ungdomspsykiater
  • psykiater
  • psykolog
  • øyre-, nase-, halsspesialist

Kva kan du forventa av arbeidet som sakkunnig?

Ved å ta på deg oppdrag som medisinsk sakkunnig, bidreg du til at me avgjer sakene våre på riktig helsefagleg grunnlag. Du vil både få brukt kunnskapane og erfaringane dine, og få nye erfaringar frå arbeidet med klagesakene.

  • Arbeidet er variert og utfordrande.
  • Du får jobba med mange ulike medisinske problemstillingar innan ditt fagområde.
  • Helsepersonell som har hatt oppdrag som sakkunnig, gir tilbakemelding om at dette er interessant og lærerikt.

Me har behov for helsepersonell som kan bidra med alt frå få til mange utgreiingar i løpet av året.

Timesatsen for sakkunnig arbeid er kr 1215 frå og med 1. januar 2024. Du får godtgjering for kvar påbyrja halvtime.

Kva gjer eg dersom eg ønskjer sakkunnigoppdrag?

Dersom du ønskjer oppdrag som ekstern sakkunnig, send ein e-post til sakkyndige@helseklage.no

Du må senda CV og skriva kor mange oppdrag du kan ta i løpet av eit år.

Webinar: Sakkunnigrolla i klagesakene

Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring