Korleis er gangen i ei klagesak?

I denne animerte filmen får du informasjon om kvar du skal senda klaga di, og kva som skjer frå me får ei klagesak til ho er avslutta.

 

 

Me behandlar klager på vedtak frå 14 offentlege instansar. Viss du skal klaga på eit vedtak, må du senda klaga til same instans som fatta vedtaket (førsteinstansen). Du kan ikkje klaga direkte til oss.

Kvar skal eg senda klaga mi?

Førsteinstansen går gjennom klaga og vurderer om dei skal gjera om eller halda oppe vedtaket sitt. Viss dei held oppe vedtaket, sender dei klagesaka til oss for ny juridisk vurdering.

Når me får klagesaka, sender me deg eit brev om at ho er registrert hos oss. I brevet får du også informasjon om forventa saksbehandlingstid. Saksbehandlingstida varierer etter sakstype, klagetema og kompleksiteten i saka. Me behandlar saka så raskt som mogleg!

Du kan følgje klagesaka di i brukarportalen Mi side

Saksbehandlinga er skriftleg. Saksbehandlaren som får tildelt saka, gjer ei ny juridisk vurdering og hentar inn nye eller oppdaterte opplysningar viss det er nødvendig. Me vurderer all informasjon i saka og alt du har skrive i klaga. Det er alltid minst to personar som vurderer ei sak. Viss me innhentar ei skriftleg vurdering frå helsefagleg sakkunnig, sender me den til deg eller den som hjelper deg slik at du får kommentera vurderinga.

Me er sekretariat for tre uavhengige nemnder

Nokre klagesaker vert behandla av ei nemnd, som er eit domstolliknande organ. Nemndmedlemmane er juristar (dommarar og advokatar), helsepersonell og brukarrepresentantar.

Dersom klagesaka di skal behandlast av ei nemnd, skriv saksbehandlaren eit forslag til vedtak (innstilling til nemnda). Nemnda får forslaget og alle saksdokumenta i god tid før nemndmøtet. Under nemndmøtet vurderer og diskuterer nemnda saka i plenum. Det er nemnda som fattar det endelege vedtaket. I enkelte saker kan nemndsekretariata fatta vedtak etter delegert myndigheit frå nemndleiar.

Når me eller nemnda har fatta eit vedtak, sender me det til deg eller representanten din. Me sender det også til førsteinstansen. I sakstypar som krev oppfølging eller utbetaling, er det førsteinstansen som følgjer opp utfallet i klagesaka.

Vedtak frå oss og nemndene me er sekretariat for, er i dei aller fleste tilfella endelege. Det betyr at dei ikkje kan klagast på vidare i forvaltninga. Vedtak kan leggjast fram for domstolane for rettsleg overprøving. For nemndvedtak er søksmålsfristen seks månader frå du mottok vedtaket.

Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring