Dekning av utgifter til trening etter habiliteringsprogram i utlandet

Foreldre som skal klaga på vedtak om dekning av utgifter til trening og utstyr heime, etter habiliteringsprogram for barn i utlandet, må klaga til det regionale helseføretaket som fatta vedtaket.

En voksen kvinne holder hendene til et barn. Foto: Mostphotos.

Foreldre kan få dekt utgifter til trening og utstyr i heimen etter kurs eller opphald i utlandet som byggjer på Doman-metoden, for eksempel Family Hope Center-programmet.

For å få dekt utgifter, må lege stadfeste at opplegget er fagleg forsvarleg i det aktuelle tilfelle. Helseføretaket må også ha uttalt at eksisterande habiliteringsprogram i Noreg er mangelfulle.

Klagesakene gjeld avslag på søknad om dekning av utgifter.

Dersom du skal klaga på eit avslag på dekning av utgifter, må du senda klagen til det regionale helseføretaket innan 3 veker etter at du mottok vedtaket. I klagen må du skriva kva vedtak du klagar på, kva du er ueinig i og kvifor.

Helseføretaket går gjennom klagen og vurderer om vedtaket skal omgjerast eller oppretthaldast. Dersom vedtaket blir oppretthalde, sender dei klagesaka til oss for ei ny juridisk vurdering.

Regionale helseføretak

Korleis behandlar me klagesaka?

Saksbehandlinga av klager som gjeld dekning av utgifter til utanlandske habiliteringsprogram

Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring