Behandlingsreiser

Dersom du skal klaga på vedtak om behandlingsreise til utlandet, må du klaga til Oslo universitetssykehus.

Et lite barn, som har utslett bak knærne, står med bena i sanden. Illustrasjonsfoto: Mostphotos

Oslo universitetssykehus organiserer og kvalitetssikrar diagnosespesifikke behandlingstilbod i eit varmt og solrikt klima til personar med definerte kroniske sjukdomar. Behandlingsreise er eit supplement til behandling i Noreg, men ikkje noko ein automatisk har rett på.

Klagesakene gjeld avslag på søknad om behandlingsreise.

Kven kan søkja om behandlingsreise?

Dersom du har revmatisk inflammatorisk leddsjukdom, seinskadar etter poliomyelitt, psoriasis eller kronisk lungesjukdom og/eller atopisk eksem (barn og ungdom) kan du søkja behandlingsreise til utlandet.

Dersom du skal klaga på eit avslag på behandlingsreise til utlandet, må du senda klagen til Seksjon for behandlingsreiser ved Oslo universitetssykehus innen 3 veker etter at du mottok vedtaket. I klagen må du skriva kva vedtak du klagar på, kva du er ueinig i og kvifor.

Oslo universitetssykehus går gjennom klagen din og vurderar om vedtaket skal omgjerast eller oppretthaldast. Dersom vedtaket blir oppretthalde, sender dei klagesaka til oss for ny juridisk vurdering.

Oslo universitetssykehus

Korleis behandlar me klagesaken?

Saksbehandlinga av klager som gjeld behandlingsreiser

Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring